Bergsøy tapte 26–35 for Kristiansand:

Buchardt etter tapet: – No skal vi sutre, men i morgon skal vi «gunne» på

Bergsøy-spelarane klarte aldri å få fart på maskineriet, og Kristiansand tok difor ein fullt fortent siger i Herøyhallen. Bergsøy-trenar Thomas Buchardt er likevel sikker på at Bergsøy skal klare opprykket, men kanskje ikkje på første forsøk.
Sport

Det var berre heilt i byrjinga av kampen at Bergsøy var med på notane under onsdagens historiske kvalifiseringskamp i Herøyhallen. Kristiansand låg stort sett føre heile vegen, og gjekk også til pause med ei solid 17-8-leiing. Leiinga var fullt fortent, og Bergsøy-spelarane såg ikkje ut til å forstå kva som møtte dei. Kanskje ikkje så rart, då begge lag sine trenarar var klare på at Bergsøy var favoritt før avkast.