Bendik Torset og Christoffer Rekdal til LGFK

Larsnes/Gursken held fram med å forsterke laget og har no sikra seg Bendik Torset frå Nest-Sotra. Samtidig har sandssokningane fått på plass ein låneavtale for Christoffer Brune Rekdal.
Sport

- Larsnes/Gursken Fotballklubb er glade for å kunne meddele at Bendik Dybdal Torset, frå Larsnes, har signert og er klar for klubben. Bendik spelte 2018-sesongen i Bergensklubben Nest Sotra, men hadde før det 10 sesongar i Hødd og 263 A-kampar der. Bendik er kjend for å vere ei løpsmaskin og har stor duellstyrke. Bendik vart også Norgesmester med Hødd i 2012, heiter det i pressemeldinga.

Vidare skriv LGFK at Bendik studerer og bur i Bergen og vert med delar av sesongen når studiane tillèt det.

Trenar Anders Helsem Hoff stadfestar ovanfor Vestlandsnytt at ein av kampane Torset blir med på er torsdagens serieopning borte mot Norborg/Brattvåg 2.

Christoffer Brune Rekdal returnerer på utlån frå EIK Tønsberg

- Larsnes/Gursken Fotballklubb er glade for at også Christoffer Brune Rekdal, også frå Larsnes, snart vert klar for å spele for klubben. Dette er klart etter at klubben har inngått utlånsavtale med EIK Tønsberg der Christoffer er klubbens viktigaste spelar. Christoffer vil spele for LG frå 5. serierunde og ut vårsesongen, heiter det.

Christoffer er endå ein tidlegare LGar som kjem tilbake til klubben. Han har ei fortid i Hødd og kom tilbake til LG då klubben klatra i divisjonssystemet. Etter fleire sesongar i Herd starta han studiar i Tønsberg og er inne i sin andre sesong der. Christoffer er ein offensiv og teknisk god midtbanespelar.

– Ein lokal gut med eit stort hjarte for LGFK

Trenar Anders Helsem Hoff er svært fornøgd med signeringane av Bendik Torset og Christoffer Rekdal. 

–  Bendik er 100 prosent seriøs i alt han gjer, og vil være ein enorm ressurs for laget. Bendik spela i fjor for Nest-Sotra som kom på 6.plass i OBOS-ligaen. Han er ein lokal gut med eit stort hjarte for LGFK, og har eit ønske om å dele sine erfaringar og kunnskapar med dei andre på laget.

–  Christoffer har trena litt med oss i vinter når han har vore heime, og viser kvifor han er ein av EIK Tønsberg sine viktigaste spelarar. Med hans kvalitetar vil han gå rett inn på alle lag i divisjonen, seier Helsem Hoff.

Både Bendik og Christoffer kjem til å sette preg på divisjonen med sine kvaliteter og Larsnes/Gursken FK ønsker begge velkomne tilbake til moderklubben og vi gled oss til å sjå dei i aksjon, heiter det frå LGFK.