– Eg er sikker på at vi kjem til å rykke opp. Det har eg vore heile sesongen.

Det sa Bergsøy-trenar Thomas Buchardt til Vestlandsnytt berre dagar før den første kvalifiseringskampen mot Kristiansand, som går heime i Herøyhallen i morgon kveld. Ein kamp Buchardt gler seg ekstra mykje til.

– Det er slike kampar som gjer handball så gøy. Fulle tribunar, og mykje som står på spel. Denne kampen blir ei heilt fantastisk oppleving, seier Buchardt.

Bergsøy-trenaren opplyser at han har sett eitt par Kristiansand-kampar i det siste, utan at det har gjort han særleg redd.

– Det er eit bra lag, men det er eit lag vi skal bite godt frå oss mot. Dei har ei god backrekke, og ein god keeper. Men det har vi også, samtidig som vi har kantspelarar og ein strek som er betre, meiner Buchardt.

Han har også lagt merke til at Kristiansand har vore aktive i overgangsmarknaden i det siste, og at sørlendingane har ei storsatsing på gong.

– Kristiansand er tøffe i trynet, og hentar inn Eliteseriespelarar og Tysklandsproffar til neste sesong. Men dei skal nok få bryne seg på Bergsøy-gutane først, ler Bergsøy-sjefen.

– Flinke til å fokusere

Bergsøy-spelarane har no hatt kamppause i rundt tre veker sidan dei avslutta seriespelet med å slå Stord på bortebane i slutten av mars. Buchardt meiner dei har nytta pausen godt.

– Vi har fått lada opp batteria godt, og er godt førebudd til kampen. Gutane er flinke til å fokusere på det som gjeld.

– Nokre av spelarane sleit med litt småskadar på tampen av seriespelet, mellom andre sonen din Markus. Korleis er stoda?

– Alle karane er klare til kamp. Og Markus er i fin form, han har også vore i utlandet og spela landskampar, fortel Buchardt senior.

Tenker berre på heimekampen

Buchardt er trygg på at Bergsøy er gode nok til å slå Kristiansand i Herøyhallen.

– Eg er trygg på at vi kjem til å slå godt frå oss. Vi har lagt lista høgt heile sesongen, og vi skal ta dei i Herøyhallen.

– Og så er det vel litt tryggande at det handlar om å vere best over to kampar, og at det eventuelt også er ein ny sjanse om det skulle bli tap mot Kristiansand?

– Det tenker ikkje eg så mykje på. Vi må først vinne heimekampen mot Kristiansand, og det veit eg at vi er gode nok til å gjere, seier Bergsøy-trenaren.

Han trur på ein fullsett Herøyhall, og god stemning onsdag 24. april.

– Tussa har allereie kjøpt opp 100 billettar, så ein må vere tidleg ute for å få plass. Eg har sagt til dei heime at om ein kjem ein halvtime før start så er hallen allereie full. Dette blir ein folkefest, og vi skal klinke til, avsluttar den alltid optimistiske Bergsøy-trenaren Thomas Buchardt.

Sjå kam­pen di­rek­te på nett

Vest­lands­nytt haus­ta gode er­fa­rin­gar då vi sen­de topp­kam­pen mel­lom Bergs­øy og Tjøl­ling i mars. Vi er der­for gla­de for å kun­ne an­non­se­re at vi vi­ser onsdagens kamp di­rek­te på vestlandsnytt.no, i sa­mar­beid med Sunn­mørs­pos­ten.

Av­kast i He­røy­hal­len er klok­ka 19:00 og vi tek sik­te på å byr­je sen­din­ga om lag fem mi­nutt før av­kast. Kam­pen vil bli kom­men­tert av jour­na­list Sti­an Langlo Dri­ve­klepp.

Slik ser du kam­pen

For å sjå kam­pen må du vere di­gi­tal abon­nent. Slikt abon­ne­ment kjø­per du via vestlandsnytt.no.

Er du abon­nent på pa­pir­avi­sa har du di­gi­talt abon­nement ink­lu­dert i ditt abon­ne­ment. For å ak­ti­ve­re den di­gi­ta­le til­gan­gen din må du ta kon­takt med kun­de­ser­vi­ce (tlf.: 70 08 44 00) in­nan klok­ka 16:00 ons­dag.