Moltu har vore ein viktig brikke i Hødd sitt midtforsvar i fleire sesongar, og var også ynskja med vidare i Ulstein-klubben. Men av omsyn til familie og jobb valde Moltu å gi seg i Hødd i februar i år.

Før han kom til Hødd før 2011-sesongen var han i Skarbøvik IF, som då spela i 2. divisjon. Han har også fortid i Gursken, LGFK og Bergsøy.

– Larsnes/Gursken Fotballklubb er glade for at Steffen Moltu har signert og er klar for klubben. Steffen kjem som kjent frå Hødd sitt a-lag der han har vore en bauta gjennom mange sesongar. Då Steffen i vinter gav seg i Hødd vart han beskriven slik på Hødd si heimeside: «Steffen har vore ei midtstopparkjempe - av dei største i Hødd si historie!», skriv LGFK i ei pressemelding.

– Steffen har dei siste månadane trena med Larsnes/Gursken FK og er i godt slag og vi gler oss til å sjå han i LG-trøya. Med si erfaring med 326 A-kampar for Hødd vert han heilt klart ei enorm forsterkning for klubben, heiter det.

Steffen Moltu seier dette om overgangen.

– Eg er veldig glad for å signere for moderklubben. Eg har gått gradane i klubben i mine yngre dagar, og mykje av det eg har opplevd på fotballbana kan eg takke dei for. No vil eg gi litt tilbake, og vil forhåpentlegvis bidra med litt ferdigheiter, mykje rutine og ein god del pondus. Eg har trena med laget eit par månader, og er veldig glad for å få spele fotball ilag med ein veldig samansveisa, interessant og fin gjeng. Ein god og spennande trenar, og flotte folk rundt laget og klubben. Ikkje minst gler eg meg til å spele fotball framfor eit lidenskapeleg publikum som i alle år har imponert meg med sitt engasjement og lidenskap for klubben, seier Moltu.

Larsnes/Gursken-trenar Anders Helsem Hoff er svært fornøgd med signeringa.

– Steffen har frå dag ein imponert meg med sine haldningar og tilnærming til fotballen. Han held framleis eit meget høgt nivå, og er ei fantastisk signering for klubben. Ikkje bere med sine ferdigheiter som fotballspelar, men kanskje enda meir for sine ferdigheiter som person. Han er ein naturlig leiar, og ein fantastisk inspirasjon for alle på laget. Med over 300 kampar for Hødd vil Steffen sin rutine vere gull verdt i ein lang sesong. Vi er ekstremt glade for å kunne ønske Steffen velkommen til LGFK, seier Helsem Hoff.

LGFK-trenaren har ambisjonar om å klatre litt på tabellen i år, og trur i den samanheng at signeringa av Moltu blir svært viktig.

– Det at ein spelar med Steffen sine kvalitetar kjem til oss gjer oss også meir attraktive for andre spelarar. Målet vårt i år er som kjent å trygge plassen i divisjonen, og med denne signeringa føler eg at vi er eit stort steg nærmare, seier Helsem Hoff til Vestlandsnytt.