Bergsøy tok leiinga ved Andrius Petreikis etter 27 minutt, og før pause rakk også Thomas Sætre Hauge å sette inn 2–0. I andre omgang viste Tommy Malins sjølv sine elevar korleis det skal gjerast då han sette inn 3–0. Mål av Jakob Nerland og Jens Winsnes sørga elles for at sluttresultatet blei 5–0.

– Det var ei god gjennomkøyring for oss dette. Alle fekk litt speletid, og spesielt dei unge viste seg fint fram i dag. Elles stilte Spjelkavik eit svært ungt lag, så det var ikkje den aller tøffaste motstanden, seier Malins.

Han er spesielt godt nøgd med den defensive utviklinga i laget.

– Vi held nullen igjen, og eg meiner vi byrjar å sjå bra ut i forsvar, etter at vi sleit litt tidlegare i vinter, seier Bergsøy-trenaren.

Malins trur no at Bergsøy er klare for seriestart.

– Vi får ei siste gjennomkøyring borte mot Volda komande onsdag, men eg føler at vi har kontroll og er i rute til seriestart, seier Malins.

Sigeren mot Spjelkavik betyr samtidig at Bergsøy går vidare i OBOS-cup som vinnar av gruppe A. Dei tek med seg FK Sykkylven og Vanylven til neste runde, medan Spjelkavik og Guard er slått ut.

LGFK er vidare som gruppevinnar i gruppe D.