– Ja, dette blir ein artig kamp, samtidig som det blir ein veldig tøff kamp. Men vi skal sjølvsagt prøve å vinne, og det som skjedde i fjor det kan skje igjen, seier Bergsøy-trenar Tommy Malins.

Han var elles ikkje med i fjor, men forsikrar om at han er fullstendig klar over kva som fann stad i Fosnavåg ein aprilkveld i fjor.

– Eg har sett video av kampen, og det som skjedde rundt kampen. Det var heilt fantastisk. Faktisk såg vi høgdepunkta frå i fjor som ein del av oppladinga til Averøykameratene-kampen, seier Bergsøy-trenaren.

Ein som var med då «cupbomba small» er kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik.

– Det er ein dag vi hugsar svært godt, både vi spelarane og publikum. Og opplevinga fristar heilt klart til gjentaking, seier «Jøsse».

– No blir det ein ny festdag, smiler kapteinen.

At kampen er sett opp onsdag 1. mai er heller ingen ulempe for folkefesten.

– Eg har høyrt at det er eit stort Amcar-treff her den dagen. Då blir det jo fort litt ekstra folk, seier Malins.

– Trur dei har meir respekt for oss denne gongen

Då Bergsøy og Aalesund møttest i fjor var det tydeleg at det var Bergsøy-spelarane som ville mest. Aalesund verka nesten litt sjokkerte over kva som møtte dei. No trur Daniel Jøsok Kvalsvik at AaFK er langt betre førebudd når dei tek turen til Fosnavåg på ny.

– Eg trur nok at dei har meir respekt for oss denne gongen. Dei veit kva som møter dei no, seier kapteinen.

Det er ei oppfatning trenaren deler.

– Det blir nok vanskelegare i år. Dei vil garantert ikkje gå på same smellen som i fjor, seier Malins.

– Er det Tommy Malins eller Lars Bohinen som er mest nervøs?

– Eg er i alle fall ikkje nervøs. Eg berre gler meg til kampen. Men eg trur nok at han kjenner litt på det, etter fjorårets cupsmell, seier Bergsøy-trenaren.

Ville eigentleg møte Hødd

Sjølv om både Malins og Jøsok Kvalsvik gler seg stort til kampen mot OBOS-ligalaget Aalesund, innrømmer dei at dei eigentleg hadde ein anna draumemotstandar.

– Det er jo kreativt dette. Eg meiner at vi kunne fått ein anna motstandar i år, men samtidig, vi skal ikkje klage, seier Jøsok Kvalsvik.

– Eg trur det blir veldig vanskeleg å slå eit revansjesugent AaFK. Derfor har eg sagt at eg ønska meg ein heimekamp mot Hødd, noko som hadde blitt ein veldig morosam kamp. Men uansett, dette blir ei fantastisk oppleving, avsluttar Malins.

Hødd skal i staden møte Træff på bortebane. Vi legg også merke til dei lokale kampane Spjelkavik–Brattvåg, Herd–Kristiansund, Stryn–Sogndal og Eide og omegn–Molde.