- Vi veit at klubben har hatt nokre tøffe år økonomisk etter at nedturen i offshore slo inn, og meiner det er viktig å signalisere at vi er med når vi har moglegheit til dette. Bergsøy Fotball spelar ei viktig og sentral rolle i lokalsamfunnet vårt, og i Rem Offshore er vi opptatt av at Herøy kommune skal ha gode aktivitetstilbod som bidrar til at dette er ein attraktivt stad å bu. I så måte er dette vel anvende pengar, seier Remøy i ei pressemelding frå Bergsøy Forball.

Rem Offshore har etter reetableringa i 2017 vakse raskt, og har i dag ein flåte på ni offshoreskip. Dei har 15 tilsette ved hovudkontoret i Fosnavåg, og totalt 300 sjøfolk. Rem Offshore var i si tidlegare utgåve ein viktig samarbeidspartnar for Bergsøy Fotball i mange år, og klubben er særs nøgde med at ein avtale no er signert med det nye selskapet.

- At Rem Offshore er tilbake som ein av våre hovudsponsorar er svært gledeleg, og det at dei ser verdien av arbeidet vi gjer motiverer oss. Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå betre plass å bu, og det er også noko våre samarbeidspartnarar skal ha glede av. For å få flest mogleg spelarar til å bli med i fotballen lengst mogleg, og for at dei som vil skal kunne bli best mogleg, trengst det stor innsats og mykje ressursar. Våre langsiktige samarbeidspartnarar, som Rem Offshore, er i så måte heilt avgjerande og viktige for oss. Vi er sikre på at begge partar vil dra nytte av samarbeidet, seier ein glad Tom Beddari, dagleg leiar i Bergsøy IL-Fotball.