LGFK vann 1–0 over Hareid: – Vi burde vunne meir

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff var nøgd med mykje, men ikkje alt, då Larsnes/Gursken vann laurdagens treningskamp mot divisjonskollega Hareid 1–0.
Sport

– Eg meiner at vi vinn fortent. Vi har full kontroll i denne kampen, og Hareid skapar berre ein skikkeleg sjanse. Eigentleg burde vi vunne endå meir, men vi set ikkje sjansane våre, seier Helsem Hoff.