Bergsøy kvalifiserte seg til NM: – Vil gjerne møte Hødd

Bergsøy er klare for eit nytt cupeventyr etter 3–0 siger borte mot Averøykameratene laurdag ettermiddag.
Sport

Bergsøy tok leiinga tidleg ved kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik. Og litt seinare i omgangen viste den heimvende son, Roald Runde, seg fram då han sette inn 2–0 for herøyværingane. I andre omgang fastsette Franjo Tepuric sluttresultatet til 3–0.