LGFK får viktig peilepinne

Larsnes/Gursken spelar denne helga treningskamp heime mot Hareid.
Sport

– Både vi og Hareid blir av fleire tippa på nedrykksplass. Det blir derfor spennande å sjå korleis vi står til dei. Hareid-kampen blir ein viktig peilepinne for oss, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.

Kampen går på River Plate i Gursken laurdag, og er LGFK sin første kamp mot ein divisjonskollega i år. Tidlegare har dei berre møtt lag frå lågare divisjonar, samt Tornado Måløy.

Det er også LGFK sin nest siste kamp før sesongpremieren mot Norborg/ Brattvåg 2 torsdag 25. april. Den siste treningskampen går borte mot Volda onsdag 10. april.

Bergsøy i NM-kvalik

Bergsøy skal som tidlegare omtala møte Averøykameratene til bortekamp laurdag. Vinn Bergsøy kampen er dei klare for den første ordinære runden av NM.

– Vi har nesten full tropp, og er sterke i trua på at vi skal ta oss til NM. Vi kjem til å gi alt for at våre trufaste supporterar skal få oppleve eit nytt cupeventyr i Fosnavåg, seier Bergsøy-trenar Tommy Malins.