Klar for Sjutoppsturen?

Sandsøy idrettslag er igjen klar med sitt populære trimløp Sjutoppsturen. Det skjer som vanleg på langfredag.

Sjutoppsturen: Går til Klet­ten, Ku­len, Rin­den, Signalen, Hellandsfjellet, Hor­net og Grøntua. Når ein er fer­dig, er ein sli­ten, men også med mas­se­vis av flot­te inn­trykk ri­ka­re. Det­te er frå i fjor.  Foto: Endre Vorren

Sport

– Vi finpussar no dei siste detaljane i planlegginga, og ynskjer folk frå fjern og nær velkomne til ein skikkeleg trimdag her ute 19. april, seier leiar Anne-Bjørg Bringsvor i Sandsøy IL.

Kvar einaste langfredag sidan påska 2005 har Sjutoppstoren vore arrangert, med stadig fleire besøkande og deltakande. I fjor var det over 600 trimglade folk som deltok på fjellturane eller låglandsmarsjen.

Start- og målområde er som tidlegare på Sandshamn. Det gjeld både Sjutoppsturen og marsjen rundt Sandsvågen.

Sekretariat og middag

I år vert det sett opp telt med sekretariat for påmelding og målregistering. Arrangørane ordnar både med kiosk og salsområde. Middag og kaffi vert i år servert på Fiskarheimen, 200 meter frå sekretariatet.

– Det har allereie teke til å strøyme på med påmeldingar til Sjutoppsturen. Men det går sjølvsagt an å melde seg på når de kjem hit, seier Eirik Voksøy Bringsvor og Anders Bringsvor, to løpsglade herrar som styrer med mykje av det praktiske opplegget rundt arrangementet.

Alle som fullfører Sjutoppsturen får den høgthengande medaljen for gjennomført tur. Mange har både ti og fleire av den sorten, får Vestlandsnytt opplyst. Deltakarar som er 15 år eller yngre får godkjent fire toppar. Det er ein relativt lang tur om ein skal gå eller springe på alle dei sju toppane; til saman 15 kilometers lengde og ein total høgdeforskjell på 1.000 meter.

Løyperekordane er forresten heilt ferske. Ingrid Festø (IL Gular) med 1.45.26 og Eirik Voksøy Bringsvor (Sandsøy IL) med 1.22.37 sette desse i fjor. Det er også pengepremiar i konkurranseklassene.

Båt til og frå Sandshamn

I år vert det sett opp båttransport frå Åram, Kvamsøya og Larsnes, – direkte til Sandshamn. Ein passasjerbåt vil gå i skytteltrafikk. I tillegg er sjølvsagt ferja eit alternativ, men her må ein vere merksam på at det kan bli ein del venting for bilar utover kvelden.

Sandsøymarsjen er eit litt lettare trimtilbod denne dagen. Denne marsjen går rundt Sandsvågen og er 5,5 km.