Siste test før Averøykameratene-kampen:

Uavgjort mot Vanylven

Bergsøy makta ikkje meir enn uavgjort då dei møtte sjettedivisjonslaget Vanylven i helga. Bergsøy-trenaren meiner likevel at laget hans er godt førebudd til NM-kvalikkampen mot Averøykameratene komande laurdag.

TOM­MY MALINS: Legg en­gelsk­man­nen frå seg ves­ten, og tek på seg Bergs­øy-trøya i sta­den? Malins spel­te i alle fall ein om­gang då Bergs­øy spel­te uav­gjort mot Van­yl­ven laur­dag. No ven­tar andre kva­lik­run­de til NM-cu­pen.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

To straffemål var alt publikum fekk oppleve då Bergsøy og Vanylven møttest i OBOS-cupen laurdag. Vanylven fekk straffe allereie i kampens første speleminutt, og Stian Sylte Bellen var sikker. I andre omgang var det Bergsøy sin tur, og Franjo Tepuric sette ballen sikkert i mål. 1–1 på Havila stadion.