– Før pause var vi eigentleg nummer to i alt. Hødd stilte med sitt beste lag, og vi mangla samtidig sju spelarar, noko som førte til at fleire måtte spele ute av posisjon. Vi prøvde likevel å matche dei, noko som var litt naivt av oss. Spesielt naivt var det å spele same formasjon som Hødd (3-5-2, red.mrk). Det må vi trenarane ta ansvaret for.

Bergsøy-trenar Tommy Malins tek litt sjølvkritikk etter den forferdelege førsteomgangen Bergsøy leverte på Høddvoll søndag. Bergsøy kom under etter berre fire minutt, og ti minutt seinare leia Hødd heile 3–0. Franjo Tepuric reduserte for Bergsøy like etterpå, men det vart berre som eit trøystemål å rekne. For Hødd køyrde verkeleg på i den første omgangen, og før dommaren blåste for pause hadde Ulstein-klubben scora to til, begge signert det unge angrepstalentet Peter Hasund. Faktisk scora Hasund heile fire av Hødd sine fem mål før pause, og herja med Bergsøy sitt unge forsvar, som aldri klarte å forstå seg heilt på Hødd sitt angrepsspel.

– Det blei mykje press på dei unge forsvarsspelarane våre dette. Det fungerer veldig bra når dei spelar saman med dei meir rutinerte, noko vi såg i kampen mot Sykkylven. Men det viktigaste i treningskampane er å lære, og det gjorde vi også mot Hødd, seier Malins.

Betre andreomgang

– I andre omgang var vi mykje betre, og vi tapte omgangen med berre 1-2, seier Bergsøy-trenaren.

Bergsøy reduserte Hødd-leiinga til 5–2 ved Thomas Sætre Hauge. Men Hødd var ikkje ferdige for dagen, scora to nye mål, og fastsette sluttresultatet til 7–2.

– Det er ingen grunn til bekymring, dette er berre ein treningskamp. Treningskampane er til for å teste ut ulike formasjonar, spelarar og spelestilar. Det viktigaste no er å få dei skada spelarane tilbake, og då vil også resultata bli betre, meiner Tommy Malins.

Bergsøy-trenaren fekk mellom anna målvakta Petter Aasen skada under kampen mot Ørsta førre helg.

– Det ser ut som det ikkje er noko alvorleg med Petter. Det er i alle fall det legen trur, men han vil ikkje seie noko sikkert før resultatet av MR-undersøkinga er klart. Han har i alle fall ikkje brote noko, seier Malins.

Elles kan vi nemne at sandssokningen Preben Sætre spelte 45 minutt for Hødd. Tidlegare Bergsøy-spelar Pijus Marcinkevicius var ikkje i Hødd-troppen til denne kampen.

Har heimekamp mot Vanylven laurdag

Bergsøy sin neste kamp er no heimekampen mot Vanylven i OBOS-cupen komande laurdag. Eigentleg skulle Bergsøy ha spela ein OBOS-kamp også førre veke, men den blei avlyst då Spjelkavik ikkje kunne stille lag.

Møter Averøykameratene i NM-kvaliken

Måndag blei det elles klart at Bergsøy møter Averøykameratene borte i den andre runden av NM-kvalifiseringa. Kampen skal vere spela seinast søndag 7. april.

– Skuffande at vi ikkje fekk heimekamp, spesielt for supporterane våre. To bortekampar i kvaliken er ikkje det vi ville ha. Men samtidig får vi sjå på den tøffe vegen til NM som motivasjon, og gjere alt vi kan for å sikre oss ein heimekamp i den første ordinære runden av NM-cupen, seier Bergsøy-trenar Tommy Malins.