Sikra 1-.div-kvalik etter nervepirrande sluttminutt: - Vi har brote ein barriere

Etter ein utruleg jamspelt kamp, klarte Bergsøy å sikre seg kvalifiseringsspel i 1.-divisjon i seriens siste heimekamp mot eit sterkt Asker. Bergsøy-trenaren rosar vinnarmentaliteten til heimelaget.
Sport

Forventningane var høge i ein nær fullsett Herøyhall laurdag kveld, då Bergsøy tok i mot botnlaget Asker. Men for dei som hadde forventa total dominans frå heimelaget, blei nok kampen meir spennande enn som så. Allereie etter dei fyrste speleminutta såg ein tendensane til det som kom til å bli ein jamn fyrsteomgang, der begge lag kniva om leiinga. Bergsøy klarte ikkje heilt å skape nok brot i forsvarsspelet sitt, og fotrappe Asker-spelarar spelte godt med sin sju mot seks-strategi. Heimelaget klarte rett og slett ikkje heilt å få hand om spelestilen til motstandaren, men gjennom gode etablerte angrep sikra dei seg likevel mange nok mål til at stillinga ved pause var 14-15.