Uavgjort mot Hasundgot for LGFK: – Eit steg tilbake

Larsnes/Gursken leia 2–0 ved pause, men klarte til slutt berre 2–2 mot femtedivisjonslaget Hasundgot. LGFK er derimot vidare i OBOS-cupen, som gruppevinnar.

LARS­NES/GUR­SKEN: Sands­sok­nin­ga­ne kan seie seg nøg­de med sis­te halv­del av før­s­te omgan­gen. El­les var kam­pen eit steg til­ba­ke, sei­er LGFK-tre­nar An­ders Hel­sem Hoff. Her frå ein kamp før­re se­song. ARKIVFOTO  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Rett nok møtte vi eit mykje betre lag, men dette var eit steg tilbake frå Åmdal-kampen. Dei avtalane vi har og spelet som vi fekk til sist kamp var meir eller mindre fråverande. Hasundgot kjempa godt heile kampen og det var ikkje ufortent at dei fekk utlikninga på overtid, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.