– Larsnes/Gursken Fotballklubb er glade for at Gustav Dimmen (19) har signert for klubben. Gustav kjem frå Hødd der han har spela for Hødd 2 i 3. og 4. divisjon. For dei har han vore ein viktig bidragsytar, skriv LGFK i ei pressemelding.

I pressemeldinga omtalar LGFK Dimmen som ein typisk spiss med mange spennande kvalitetar. Dei ser fram til å sjå han i LGFK-trøya.

Dimmen har trena med LGFK ei stund allereie, og trenar Anders Helsem Hoff er glad for å sikre seg ein angrepsspelar med erfaring frå høgare nivå.

– Vi har vore ute etter å styrke angrepet vårt, og Gustav er ein spelar vi har stor tru på, seier Helsem Hoff.

Gustav Dimmen er speleklar til torsdagens kamp mot Hasundgot i OBOS-cupen.