– Dette var den kampen der vi spelte best saman som eit lag. Samspelet mellom spelarane var veldig bra.

Det seier lagleiar Siv Jensen etter at Bergsøy-damene spelte sin siste heimekamp for sesongen mot Rindal laurdag.

Når kampen samtidig gjekk berre tre timar før herrane sin toppkamp mot Tjølling i 2. divisjon, blei det skapt ei ekstra god ramme rundt denne damekampen. Bergsøy stilte med speaker, DJ og mykje anna moro. Samtidig stilte dommarduoen frå Trøndelag opp som dommarar også i damekampen, noko som heva nivået på dømminga i kvinnenes tredjedivisjon betrakteleg. Når det også var godt med folk på tribunen, fekk damene verkeleg vinden i ryggen då dei gjekk ut på bana for å møte laget dei spela uavgjort mot på bortebane i desember.

Ut i hundre

For Bergsøy leverte svært god handball den første omgangen i Herøyhallen. Sjølv om dei mangla rutinerte storscorarar som Beate Myklebust og Aukse Aglinskiene såg ikkje det ut til å ha noko betydning for damene denne laurdagsettermiddagen.

Spesielt sidebackane Othelie Salvatierra Vindfjell og Eileen Baumann Jensen var imponerande treffsikre. Etter ein kanonstart på kampen, der Rindal såg heilt overkøyrde ut, leia Bergsøy 13–6 halvvegs.

Jamnare i andreomgang

Også i andre omgang var Bergsøy det førande laget, og spelte til tider svært flott handball. Sentraltrioen Salvatierra Vindfjell, Lisa Marie Vestnes Sørdal og Baumann Jensen heldt fram med å score, og dei fekk også god hjelp frå kantspelarane som melde seg meir og meir på. Rindal kan takke ei god målvakt for at det ikkje vart fleire baklengsmål denne kampen.

Men det høyrer også med til historia at Rindal heva seg i angrep. Andreomgangen var jamnare, og enda med 12–9 i favør Bergsøy. Sluttresultatet blei då 25–15 til Bergsøy-damene.

Det var ikkje overraskande for Siv Jensen.

– Rindal starta seint, og vi fekk ein kjempesjanse til å ta kontrollen i kampen. Men Rindal er eit bra lag, og dei kom meir med utover i kampen.

Jensen var elles fornøgd med at Bergsøy i denne kampen sette over 50 prosent av sjansane.

– Vi hadde berre 18 bomskot, og det er bra. Samtidig var vi solide i forsvar, og keeper Susanne enda med ein redningsprosent på 55. Alt i alt ein god kamp av oss, avsluttar lagleiaren.

Vindfjell toppscorar

Toppscorarar for Bergsøy denne kampen var Othelie Salvatierra Vindfjell og Eileen Baumann Jensen. Begge leverte åtte scoringar, der to av Baumann Jensen sine kom frå straffemerket.

Spesielt Salvatierra Vindfjell hadde ein kjempekamp. Ho var for anledninga flytta inn frå sin normale kantposisjon, og leverte til meir enn godkjent på backen.

– Eg syntest det var kjekt å få spele på backen. Eg likar meg veldig godt på kanten, men det er gøy å få prøve seg fleire plassar, sa Salvatierra Vindfjell i ein kommentar til Vestlandsnytt etter kampen.

– Elles vil eg seie at vi spelar ein god kamp i dag, sa toppscoraren.

Med Vindfjell på back fekk Mia Michelle Moen Kvalsund sjansen på kanten. Den tok ho godt vare på og leverte tre flotte scoringar. Olivia Nærø sette også inn fire mål frå motsett kant. Dei to siste måla kom frå playmaker Vestnes Sørdal.

Blir nummer to

Bergsøy sine handballdamer har no berre tre bortekampar att av det som har vore ein flott sesong i 3. divisjon. Laget vil uansett resultat i sesonginnspurten ende som nummer to. Det har vore lite å gjere med Molde HK 2 som har vunne alle sine kampar, og vinn serien fortent. Det er elles verdt å nemne at moldensarane i fleire kampar har nytta seg av spelarar frå elitelaget sitt.

Komande laurdag møter Bergsøy nettopp Molde 2 på bortebane. Men allereie fredag kveld møter dei Træff i same arena. Siste kamp går borte mot Volda 2 laurdag 30. mars.