– Det er ingen lag som slår oss over to kampar. Det har vi vist mot Tjølling, og no kan dei berre kome, Kristiansand eller kven det no blir. Vi skal rykke opp.

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt er bestemt etter å ha sett laget sitt vinne 30–25 mot Tjølling i laurdagens toppkamp i Herøyhallen.

Buchardt meiner Bergsøy no har klart å kome seg opp på eit nivå som dei andre laga i andredivisjon ikkje kan konkurrere mot.

– Vi gjorde nokre feil i bortekampen mot Tjølling, og tapte der. Det revansjerte vi her i dag, og fekk oss ein fortent siger, seier Buchardt.

Han er klar på at Bergsøy no tek sikte på å sikre seg den viktige plassen i kvalifiseringsspelet for opprykk, når dei møter botnlaget Asker heime i Herøyhallen komande laurdag.

– No skal vi slå Asker og då har vi sikra kvalifiseringsplassen. Men vi går sjølvsagt for å vinne alle dei tre attståande kampane, seier Bergsøy-sjefen.

– Kan dokke stele førsteplassen frå Tjølling?

– Om dei taper ein kamp til kan vi det, og vi har sjølvsagt lyst å vinne serien. Men vi må fokusere på oss sjølve.

Fleire leverte kanonkamp

Det var forventa ein jamn kamp på førehand, og Buchardt åtvara mot spesielt to spelarar hos Tjølling.

– Vi må stoppe Thomas Bjaaland og Daniel Granli. Det er deira farlegaste våpen, sa Buchardt før avkast.

Og Bjaaland og Granli leverte kvar sine fem scoringar i kampen. Men dei hamna fort i skuggen av Bergsøy sine angrepsstjerner. Buchardt sin eigen son, Markus, gjekk ut i hundre og skaffa tidleg Bergsøy ei 2-0-leiing.

Markus Buchardt heldt fram storspelet gjennom kampen og enda til slutt på seks scoringar. Buchardt var spesielt god i førsteomgang der han saman med Lars Erik Bøe (enda på 6 mål) og Emil Raknes (8 mål) herja med Tjølling-forsvaret. Tjølling-forsvaret hadde store problem med å stoppe Bøe då han reiv seg laus frå sin strekposisjon gong på gong. Då laga gjekk til pause var Bergsøy i leiinga med 16–12.

– Eg er ikkje heilt fornøgd med forsvarsspelet, dei kjem for lett til, sa Buchardt då vi snakka med han i pausen. Han var likevel sikker på at Bergsøy kom til å ta sigeren heim.

Roseth stod som ein vegg

For sjølv om forsvaret slapp gjestane frå Vestfold litt for lett gjennom enkelte gongar hadde Bergsøy ein viss kontroll all den tid keeper Oddvar Johan Roseth var i det umoglege hjørnet.

– Eg har ikkje lengre teljinga på kor mange kanonredningar Roseth har gjort, sa Vestlandsnytt sin kommentator eit stykke ut i andre omgang.

Publikum hylla Roseth undervegs, og Roseth sjølv måtte innrømme at han var fornøgd med eigen innsats då vi snakka med han etter kampen.

– Ja, eg er fornøgd med kampen. Dette var ein herleg siger for oss, og no ser det veldig bra ut, sa Roseth.

Meir fekk vi ikkje snakke med han, då det ikkje var reint få som ville gratulere han med den gode kampen.

Køyrde på vidare

I andre omgang heldt Bergsøy fram i same spor som i den første omgangen, og etter kvart var det tydeleg at gjestane ikkje lenger hadde tru på seg sjølv. Ein periode leia Bergsøy med heile ni mål, og leverte underhaldning som nok hadde passa veldig godt inn i «Gullrekka».

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt meinte nemleg at Bergsøy blei ein del av den kjente underhaldningsrekkja til NRK då Vestlandsnytt, i samarbeid med Sunnmørsposten, sende toppkampen direkte.

Markus Buchardt, Bøe og ikkje minst Emil Raknes var i scoringshumør, og fekk også selskap frå Evaldas Grieze (5 mål) og Håkon Tømmerdal Forberg (4 mål), som melde seg på skikkeleg i andre omgang.

Emil Raknes viste også korleis straffekast skal takast og sette dei fire han fekk sikkert i mål. Kombinert med fire flotte spelemål, blei han toppscorar med åtte. I motsett ende av banen viste Oddvar Johan Roseth korleis straffekast kan stoppast, og redda tre i løpet av kampen.

Heilt på tampen tok Tjølling litt innpå, men Bergsøy vann til slutt fortent, 30–25.