– Det blir heilt fantastisk å spele toppkamp!

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt er entusiastisk før laurdagens storkamp i Herøyhallen. Motstandar Tjølling toppar tabellen, men har ikkje moglegheit til å rykke opp. Andreplasserte Bergsøy ser dermed ut til å få plass i den avgjerande opprykkskvalifiseringa, som vert spelt i slutten av april. Av dei fire avdelingsvinnarane rykker til slutt tre opp i førstedivisjon.

– Eg er trygg på at vi skal klare dette, seier Buchardt.

Den tøffaste konkurrenten for Bergsøy sin del er Sotra. Strilane frå øygruppa utanfor Bergen spelte sin kamp denne runden allereie tysdag kveld, og vann då 31–26 over Viking TIF 2. Det betyr at Sotra berre er to poeng bak Bergsøy før herøyværingane sin toppkamp mot Tjølling.

– Men i realiteten er det tre poeng, då vi har dei på innbyrdes oppgjer. Og dei har berre tre kampar att å spele, så dette kjem til å gå vegen, smiler Buchardt.

– Kan ta dei på vårt beste

Buchardt legg ikkje skjul på at han svært gjerne vil vinne akkurat laurdagens kamp.

– Vi har veldig lyst til å «plukke Tjølling på nesa», og det er vi kapable til. Vi kan ta dei på vårt beste. Men samtidig er det eit lag som slepp inn få mål, så vi må vere skjerpa. Uansett, dette blir ein artig kamp med masse duellar, seier Bergsøy-trenaren.

Han kan fortelje at Bergsøy har hatt ei fin oppkøyring til kampen.

– Vi har fått trene mykje, og vi fekk også til ei fellesøkt med Ørsta torsdag kveld. Elles er vi klare for kampen alle mann, og går inn til den med ein sterk sjølvkjensle, seier Buchardt.

Full hall og tv-sending

Buchardt, som er inne i sin første sesong som Bergsøy-trenar, meiner det er all mogleg grunn til å vere stolt over det spelarane hans har fått til denne sesongen.

– Eg er stolt av gutane som har levert ein veldig god sesong. På grunn av dei gode prestasjonane er vi i posisjon til å spele toppkampar, og det er det som er gøy, smiler Buchardt.

Han trur laurdagens kamp blir ei flott oppleving for alle involverte.

– Det blir kjemperamme rundt kampen, og eg trur det kjem mykje folk. Og så er det veldig artig at kampen blir vist på nettet. No blir Bergsøy ein del av «Gullrekka», seier Buchardt.

Abonnentar får sjå kampen

Buchardt sikter då til at Vestlandsnytt i samarbeid med Sunnmørsposten vil sende kampen på sine nettsider. Sendestart vil vere om lag fem minutt før avkast klokka 19.00, og kampen vil bli kommentert av underteiknande journalist (Stian Langlo Driveklepp).

Du må vere abonnent for å sjå kampen. Alle som abonnerer på papiravisa har digital tilgang inkludert i abonnementet. Har du ikkje oppretta ein digital brukar blir du oppfordra til å ta kontakt med kundeservice (tlf.: 70 08 44 00) innan klokka 16.00 fredag.