Seinast var Nordavind i aksjon i Nordic Championship. Dette er Nordens største turnering.

– Vi enda til slutt på femteplass. Men vi var berre eit game unna ein plass i playoffen, seier Skår til Vestlandsnytt.

Han meiner dei var litt uheldige, men ser samtidig det positive i nederlaget.

– Det var berre ti dårlege minutt som skilte oss frå ein tredjeplass. Men samtidig blei vi nok ein gong det beste norske laget, seier Skår.

Klart best i Norge

Han kan fortelje at Nordavind nyleg vann Norwegian Esports League, som er ein norsk liga av Challengermode. Dette gav Nordavind moglegheita til å delta i Nordic Championship.

Skår kan også fortelje at Nordavind til slutt enda opp med å vinne alt dei kunne vinne i Norge i 2018.