Varslar kulturprisutdeling på Sandemessa i helga

Det vert utdeling av kulturprisen for Sande for 2021 på Sandemessa søndag 21. november på Breidablik, varslar Sade kommune.

Sandemessa 2019  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Kommunen opplyser om at det har kome inn mange forslag på gode kandidatar også i år. Ordføraren står som utdelar på messa. Kulturprisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Møre på Larsnes og Sande kommune.