Det blir ikkje Kong Arthurspel, men liv blir det likevel på Sandsøya laurdag 14. august:

Kongeleg kabaret på Kongsvollen

Laurdag 14. august inviterer prosjektgruppa bak Kong Athurspelet til eit livleg opplegg på Kongsvollen på Sandsøya.

Klare for liv og røre: Gjengen i prosjektgruppa inviterer til ein kongeleg kabaret på Kongsvollen på Sandsøya laurdag 14. august. F.v. framme ser vi Wenche Länneholm, Oddbjørn Hagen og Kim Sætre. Bak f.v. ser vi Jostein Korsnes, Brit Gurskevik, Astrid Saure og Arild Sande. Aadne Sandanger er også med i gruppa, men var ikkje til stades under bilettakinga. 

Kultur

– Spel blir det dessverre ikkje i år, det måtte vi som kjent avlyse. Men vi lengtar sånn etter å samlast på Kongsvollen at vi berre må få til eit alternativt opplegg.