Lydteknikar Torgrim Skjerdal har gitt ut sin fyrste komposisjon:

– Målet er å «trigge» kjensler

Då lys- og lydteknikaren på Fosnavåg konserthus, Torgrim Skjerdal, skulle gi ut eigen musikk for fyrste gong, fell valet naturleg på det meir instrumentale.

Torgrim Skjerdal: Alle som har vore på konsert eller arrangement på Fosnavåg konserthus har nok sett denne mannen. No er Torgrim Skjerdal aktuell med eigen musikk, ein instrumental låt med namn «The runner».  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

– Tidlegare har eg prøvd meg med både vokal og tekst – styr og stell. Men eg har funne ut at dette med tekst ikkje er mi sterkaste side. Så då blei det noko instrumentalt.