Gerald Pettersen spelar sin største monolog i nytt Jon Fosse-stykke:

– Ei ære å vere den første

Kven er vi når vi nærmar oss endestoppet, når arbeidslivet er over, når vi mister krefter og det vi gleda oss over er skrella bort?

På scena: Gerald Pettersen er åleine på scena under heile den éin time lange monologen, skriven av Jon Fosse. Foto: Jenny André/Den Nationale Scene 

Kultur

Dette spørsmålet er sentralt i Jon Fosse sin nyskrivne monolog, «Slik var det – En dans på livets endepost», der herøyværingen Gerald Pettersen har hovudrolla. Ja, faktisk har han einaste rolle i denne timeslange førestillinga som allereie har vorte sett opp fleire gongar på Den Nationale Scene i Bergen, som vert spela igjen i juni.