Høyr Kvamsøy-barna syngje "Reis meg opp" i rørande musikkvideo

Denne musikkvideoen rørte nok mange under 17. mai-sendinga til Sande NettSyn.
Kultur

På 17. mai fekk underteikna fylgjande melding frå Lizz alias Lisabeth Brekke Sylthe:

– Har fått med meg barna på Kvamsøy i studio, og spela inn ein song til 17. mai. Eg er berre så overraska over talentet på dei unge her ute at eg tenkte at eg måtte prøve å dele det.

Og dele videoen kan også vi, i ein tidsavgrensa periode.