Målblomen til Runde Miljøsenter for god og klar nynorskbruk:

- Eit identitetsstempel

På Nynorskens dag, onsdag denne veka delte Herøy Mållag ut sin årlege pris, Målblomen, til nokon som har utmerka seg lokalt gjennom bruk av morsmål. I år er det Runde Miljøsenter som har gjort seg fortent til heideren.

Målblomen til Runde Miljøsenter: - Selskapet er ein svært viktig språkaktør og eit godt språkleg førebilete for andre, seier mållagsleiar Monika Haanes Waagan. F.v Anja Hovden, Monika Haanes Waagan, Sæmund Helde, Nils-Roar Hareide og Jenny Ullgren.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

– Runde Miljøsenter nyttar nynorsk i arbeidet sitt. Både nettstaden og dei sosiale kanalane senteret er til stades på er prega av godt og klart språk. Vi i Herøy Mållag synest det er av stor verdi at Runde Miljøsenter synleggjer at nynorsk er eit språk som er godt eigna også̊ for verksemder som har nedslagsfelt langt ut over det lokale.