Bergsøy skulekorps med musikkvideoprosjekt:

– Vil vise samhaldet

Med eit klart mål om å synleggjere mangfaldet og samhaldet i det lokale korpsmiljøet jobbar no Bergsøy skulekorps med eit storstilt musikkvideoprosjekt og ein digital korpskonsert.

Profesjonell kvalitet: For god lyd og ekstra kvalitet over musikkvideo- og konsertinnspelinga leigde Bergsøy skulekorps Fosnavåg konserthus med profesjonell lyd- og lysmann Torgrim Skjerdal. I tillegg har dei fått med seg filmskapar Thomas Teige Sporsheim med på laget.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Vi møter dei på Fosnavåg konserthus der den lokale filmskaparen Thomas Teige Sporsheim saman med Torgrim Skjerdal på lyd og lys jobbar med innspelinga. Korpset, med dirigent Stig Gjerde i spissen, er saman med drillgruppa i ferd med å sluttføre ei flott framføring. Det blir terpa på sjølv dei minste detaljar. Dei vil at alt skal vere på sitt beste no som samspelet deira skal videodokumenterast.