Må avlyse Herøyspelet i år: - Vi vil ikkje gi publikum eit bleikt og avmagra korona-spel.

Pandemien stoppar Herøyspelet Kongens Ring frå å ha framsyningar også i 2021, men styret i spelet ser no fram mot 30-årsjubileum og spel nesten sommar.

Herøyspelet 2019  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Styret i Herøyspelet og leiarane av komiteane med frivillige var samla denne veka til møte med smittevernlege i Herøy Bjørn Martin Aasen. Etter gjennomgang av spelhelga opp mot gjeldande forskrifter og råd og forventa utvikling framover, så enda styret opp med avgjerda om å utsette spelet til neste år, heiter det i ei pressemelding.