Klare for nytt kulturskuleopptak i Sande – rektoren er optimist:

– Same, gode meistringsarenaen

Kulturskuleelevane i Sande gjennomførte nyleg skulebesøk i Gursken og på Larsnes – eit godt eksempel på at kulturskulen no er rusta for eit nytt elevopptak, meiner kulturskulerektoren.

Gitarkameratane? Her ser vi (f.v.) Samuel Strand, Noah Zedine Naustenget, Sebastian R. Skogstad og Amund Vestnes spele for medelevar på Larsnes skule. Er denne gruppa dei neste Gitarkameratane? Foto: Susann Worren Hauge 

Kultur

Det no tid for hovudopptak i kulturskulen i Sande og naturleg nok er det litt ekstra spenning knytt til akkurat årets opptak. Det har vore, og er framleis ei spesiell tid å drive kulturskule. Stadig dukkar det opp nye smittevernreglar ein må halde seg til – som alle på sin måte tvingar kulturskulen til å tenke nytt. Ja, koronapandemien har vore utfordrande på mange vis.