Lizz ute med ny, personleg låt:

– Dette er noko heilt anna

I dag sleppte Lizz, alias Lisabeth Brekke Sylthe, låten «Alive». Han er djupt personleg, men handlar likevel om noko som veldig mange kan kjenne seg igjen i, trur artisten.

Lizz: Fre­dag lan­ser­te ar­tis­ten frå Kvams­øya sin mest per­son­le­ge låt så langt, «Ali­ve». Pres­se­foto 

Kultur

Den etter kvart røynde artisten frå Kvamsøya nådde fleire høgdepunkt i fjor: Ho sette personleg streamingrekord, vann Musikkprisen 2020 og vart lista på New Music Friday med låten «Game of Love». Men alt var ikkje berre «fryd og gammen». Å livnære seg som utøvande artist under ein pandemi er for dei fleste i bransjen nesten umogleg. For Lizz forsvann livsgrunnlaget over natta, og ho fortalde openhjartig, mellom anna til Vestlandsnytt, at ho mellom anna hadde selt tre gitarar for å få tak i sårt trengde kroner.