Avlyser vårmønstringa i Herøy: Men inviterer likevel til "cruising"

Som i fjor må også årets tradisjonsrike vårmønstring i Herøy avlysast 1.mai, nok ein gong på grunn av covid-19-situasjonen. Amcar Ytre Sunnmøre har derimot planlagt eit smittevernvenleg alternativ.

1390 besøkte den førre vårmønstring i Herøy i 2019.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Klubben som årleg arrangerer den store bil- og MC-mønstringa i Herøy legger opp til «cruising», eller parade for alle Amcar, veteranbilar og MC frå Herøy Kulturhus laurdag.