Inviterer til digitalt HerøyLAN i påska:

– Dette blir knallbra

Sjølv om koronapandemien står som eit stort hinder også i år, nektar gjengen i HerøyLAN å la seg stoppe. Dei inviterer derfor denne påska til ei heilproff, digital spel-turnering.

Klare for ei innhaldsrik påske: HerøyLAN og fritidsklubben i Herøy er klare for legge til rette for at ungdomen skal ha litt å gjere i ei meir eller mindre nedstengt påske. Her ser vi (f.v.) Kristoffer Moldskred, Per Ronald Knutsen, Mona Grethe Ryssevik og Steinar Hauge. 

Vi har allereie lag frå heile landet som er påmeldt.

Kristoffer Moldskred
Kultur

– Vi kunne ikkje la korona knekke oss i år også, så derfor satsar vi no store ressursar på det vi det vi håper blir ei framifrå E-sport-turnering, som alle over 13 år kan delta i.