Monsiaden 2021 er avlyst

På grunn av den framleis uavklara situasjonen rundt covid-19 viruset, har styret i Monsiaden saman med ordføraren i Vanylven kome til at det ikkje vert arrangert Monsiaden i 2021.

Arne Sandnes: Leiar for Monsiaden, som i 2021 er avlyst.  Foto: Endre Vorren

Kultur

Dermed vert jubileums-Monsiaden – nummer 25 i rekka – flytta til fyrste onsdagen i juni 2022.

– Vi vonar, håpar og kryssar fingrane for at vi då er attende med det tradisjonelle opplegget for Monsiaden. Inntil då – ta godt vare på kvarandre og hold dokke friske, seier Arne Sandnes.