Trygve Skaug fekk oppfylt draumen om å spele inn nytt album ved fjøresteinane i Gjerdsvika:

– Ei ekstra djupne til tekstane, føler eg

Sist veke rigga låtskrivar, vokalist og poet Trygve Skaug seg til i ei hytte ytst i havgapet i Gjerdsvika for å spele inn sitt nye album «Sanger du skal få når vi lander». For han var det eit draumeprosjekt.

Rikskjendis: Trygve Skaug i aksjon, med storhavet som bakteppe. Han har fått eit spesielt forhold til Sande og besøker kommunen årleg. Her, på hytta til Sara Wiik og familien, skriv han låtar og har no endeleg fått oppfylt draumen om å spele inn album her også.  Foto: Privat

Det er ein av dei mest inspirerande og vakraste plassane eg veit om.

Trygve Skaug
Kultur

Artisten, no høgaktuell etter å ha deltatt i TV 2-suksessen «Hver gang vi møtes», avslørte prosjektet sjølv i eit innlegg på Facebook søndag. Vi kontakta i den anledning Skaug for å lære meir om «heimestudio-prosjektet» han har hatt i Sande.