ANDAKTEN

Fastelavn

- Vi veit at fastetida først og fremst har med den komande høgtida å gjere. Korleis skal vi førebu oss til påske i år?

Fastelavn frå Norske kvinners sanitetsforening.  Foto: botterli, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Kultur

«Fastelavn» er eit merkeleg ord. Sjølv om det dukkar opp kvar vår, nokre veker før påske, så må eg sjekke rettskrivinga. Var det «fastelaven» eller var det noko anna?

Ja, no er det snart den tida då barnehagane arrangerer karneval med fargerike utkledningar. Ideelt sett skal det vere unnagjort på den såkalla oskeonsdag i komande veke. Akkurat dét kan vere krevjande av ulike praktiske grunnar.

Med fastelavnssøndag, blåmåndag, feitetysdag og oskeonsdag, er vi klare til ei ny fastetid. Skal vi gjere noko ut av det i år? Kanskje meiner mange at dei har fasta nok i det siste, i form av samvêr med andre på eit minimum.

Kjell-Roger Isene: Vikarprest ved kyrkjene i Herøy.  Foto: Privat

Vi veit at fastetida først og fremst har med den komande høgtida å gjere. Korleis skal vi førebu oss til påske i år?

I Johannesevangeliet les vi om nokre grekarar som var komne til Jerusalem i høgtida. Dei drog truleg av gammal, god vane, for å tilbe. Men så var dei også blitt nysgjerrige på denne Jesus frå Nasaret som dei hadde høyrt så mykje om.

Dei hadde ein kontakt inn i Nasarearen sin indre sirkel; Filip, som dei kunne spørje: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus». Filip og Andreas tok dei med til Meisteren sjølv.

Det var eit merkeleg møte desse grekarane fekk. Ein kunne ha mista den vesle nysgjerrigheita av mindre.

Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv».

No kan det hende at det gjekk føre seg meir i denne samtala mellom Jesus og grekarane. Evangelisten har i så fall teke med berre det som hadde verdi utover situasjonen der og då.

Når vi ser etter, så var det faktisk litt av ei fastepreike Jesus heldt: «Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv», Joh 12, 25.

Kva er det vi skal elske? Skal vi verkeleg hate vårt eige liv?

Fastelavn er å ta farvel med noko av det rolege og sytalause livet ei tid for å gje plass til noko større. Å faste er å syte for at Jesus ikkje kjem til fulle husrom når han igjen søkjer å ta inn hos oss.

Jesus er ikkje stor på det. Han klarar seg med ein stall. Spørsmålet er om vi elskar det vanlege livet i denne verda så høgt at Jesus lite og ingenting kan gjere for oss.

Vi skal ikkje på nokon måte faste for å imponere Gud. Fastetida er heller Guds anledning til å imponere meg og deg, gje oss eit varig inntrykk.

Lat oss rydde plass i kvardagen vår fram mot påske. Eit lite skriftord og ei lita bøn, like trufast som eit hyggjeleg kveldsmåltid, kan vere frøet, veksande til eit stort tre. Jesus har mykje å dele med oss slik at vi vågar å dele vårt med Han.