«Radiokameratane» haustar gode tilbakemeldingar:

Trekkjer parallellar til legendarisk mannskor-film

Den hyperlokale TV-dokumentaren «Radiokameratane» vert omtala som ein skikkeleg feelgood-film. No vert det trekt parallellar til «Heftig og begeistret», filmen om Berlevåg mannskor.

Radiokameratane: Sentralt knippe i høve dokumentaren, f.v. produsent André Folkestad, trioen Olav Kvalsvik, Øystein Bakke og Paul Sundnes frå Bygderadio Vest, og heilt til høgre regissør Ingrid Ese. Foto: Herlig Film 

Kultur

– Det er både interessant og lærerikt å lese anmeldelsar og kommentarar som kjem rundt filmen, seier den Sande-baserte produsenten av filmen, André Folkestad.