Herman Brune Leikanger (22) i frå Sande har funne si uttrykksform:

Med beina som instrument - sjå han steppe

Då Herman Brune Leikanger byrja på Bårdar Akademiet vart han introdusert for stepping, ei rytmisk danseform sandssokningen fort blei lidenskapleg oppteken av.
Kultur

– Eg studerer på musikal-linja, så dagane går både i skodespel, dans og song. Men det var noko med denne uttrykksforma som eg følte eg meistra ekstra godt.