Kva vil du med Herøy gard?

- Mange er glade i Herøy gard; han høyrer til oss alle. Difor vil vi vite kva innbyggjarane ønskjer seg.

Herøy gard: Kommunen ønsker ikkje berre å utvikle kystmuseet, men også resten av garden. No vil dei ha innbyggjarane sine innspel.  Foto: Arkiv

Kultur

Det seier prosjektleiar Eileen Gjerde, som er godt i gang med arbeidet med ein temaplan for utvikling av Herøy gard. Det gjeld ikkje berre kystmuseet, som no er heilt og fullt kommunen sitt ansvar, men alt som på ein eller anna måte råkar kommunen sin eigedom på øya Herøy. Og sidan Herøy gard høyrer lokalsamfunnet til, blir innbyggjarane inviterte til å kome med innspel. Det kan dreie seg om alt frå ting som har å gjere med kulturlandskap og kulturminne, til Herøy amfi, kystmuseet, turstiar, rekreasjon og hamneforhold.