Gutemusikk og skulekorps

Fyrste gutemusikkorpset i Herøy, Jøleik, vart starta i 1954. To år seinare vart Tjørvåg gutemusikk skipa, og året etter Bergsøy gutemusikk. Eit år seinare vart Moltu gutemusikk starta.

BLIDE FRØYSTAD-MUSIKANTAR: Kari Steinsvik, Trine Frøystad, Dagfinn Endresen, Eirik Frøystad, Bjørn Ove Endresen og Odd Inge Endresen. Biletet er frå april 1976. Musikantane vart knipsa på Frøystad medan dei stod og venta på å få skyss til Fosnavåg, der Frøystad skulekorps skulle delta på ein song- og musikkveld i gymnastikksalen på Bergsøy skule. Ikkje mindre enn 15 kor og korps frå ytre Herøy deltok.  Foto: HARALD THORSETH

Kultur

Så gjekk det elleve år før det kom endå eit korps i Herøy. Det var Frøystad skulekorps, som vart starta i 1969. I motsetnad til dei fire fyrste korpsa var jenter med heilt frå starten.