Karianne Kopperstad rauk på målstreken i årets Farmen-finale

Etter å ha kjempa seg heilt til semifinalen, gjennom 11 veker på Farmen, rauk herøyværingen Karianne Kopperstad ut på målstreken i søndagens finale på TV2.

Karianne Kopperstad: 28-åringen seier til TV2 ho har vore 100 prosent seg sjølv inne på garden.   Foto: Josefine Spiro

Kultur


28-åringen, opphavleg frå Nerlandsøya, haldt nesten ut til slutt, men måtte sjå seg slått i møte med Per Gunvald Haugen og Daniel Viem Årdal i semifinale-konkurransane. Fyrst deltok Karianne i ein kokke-konkurranse der ho fekk skryt for maten, men Viem Årdal viste seg å vere ein stødigare kokk ifølgje dommaren. Deretter venta ein mjølkespann-konkurranse mot Haugen. Det var på hengjande håret for dei begge. Dei haldt ut i over seks minutt, men Kopperstad klarte til slutt ikkje å halde lenger, og dermed var hennar imponerande Farmen-opphald over.