Kulturskule-lærar Birgitte Vik Wymer har skrive og gitt ut ein nynorsk julesong:

– Utfordring til meg sjølv

Ho har nyleg gitt ut ein sjølvskriven, nynorsk julesong. Men kva var det som inspirerte songlærar i Herøy kulturskule og helsefagarbeidar Birgitte Vik Wymer til det?

Birgitte Vik Wymer: Kulturskulelæraren brukar musikk og song så mykje ho kan i kvardagen, også i sitt arbeid med psykisk utviklingshemma. No håper ho å gi julestemning gjennom si nye låt.  Foto: Privat

Kultur

– For det fyrste handla det om å utfordre meg sjølv. Som songlærar er det viktig for meg å inspirere elvane mine til å ha tru på seg sjølv. Den beste måten å gjere det på er å vise at det er noko eg sjølv klarer.