Shetlandsfarten

«Kvalsund I»

Dette bildet, teke av fotograf Andreas Berge, viser Kk «Kvalsund 1» på veg ut Vågen våren 1940. Mellom baugen på båten og masta framme kan ein sjå dei to Nerem-husa med Hornseten bakom.

Kk «Kvalsund 1» på veg ut Vågen våren 1940.   Foto: Andreas Berge

Kultur

Ei utgåve av det same bildet vart presentert på staffeli ved inngangen til konsertsalen i Fosnavåg konserthus i samband med framføringa av «Over havet for fred» sist laurdag. Bildet var då montert på ein aluminiumsplate i storleik L = 1 m og H = om lag 0,7 m, og viser eit tidsrett uttrykk av korleis båten såg ut før overfarten 6. oktober 1941.

Mange frammøtte såg på motivet og kommenterte den særs gode kvaliteten. Ein kan lett studere mannskapet og kjenne att andletsuttrykka; både hos skipperen som står i styrehusvindauget og dei andre som står langs rekka på babord side.

Då Knut Perry Teige likevel var til stades og er kjend for sin gode hugs, fall det naturleg å spørje han om han kunne hjelpe med å identifisere mannskapet.

Dette tok han på strak arm, og resultatet er som følgjer, vist frå venstre til høgre, sett frå baugen og akterover:

Skipper Gunvald K. Kvalsund

Andreas K. Kvalsund

Adolf M. Kvalsund

Joakim P. Kvalsund

Ukjend fordi han er skjult av profil/støtte under båtdekk.

Maskinist/maskinpassar Paul K. Kvalsund

--------------------

I arkivet etter fotograf Andreas Berge finst det tidsrette bilde av dei fleste båtane som reiste over Nordsjøen under krigen. Historiene og mannskapslistene er mellom anna å finne i «Ute i krig» av Bjarne Rabben. Bilde av nokre av dei heimvende deltakarane finst også.

Mange var dei som kom heim etter krigen og vart gåande i fleire veker og vente på til dømes avmønstring. Ein heil del av dei tok turen innom atelieret til Andreas Berge for å verte avfotograferte.

Fedrar til dei som reiste over Nordsjøen måtte sone på Grini fangeleir, og bilde av eit persongalleri av slike er også å finne i arkivet.

Fotograf Andreas Berge var ein særs dugande fotograf, som hadde sitt virke i Herøy i fleire tiår. Utfyllande informasjon om det er å finne i boka «Horisonten til vegger og himmelen til tak», av Magnar Hjærtenes.

I og med at det i år er jubileumsår for 2. verdskrigen sin slutt, så vil Herøy kystlag kome opp med ein ide om ei jubileumsutstilling nær jul, der fokuset er lagt på båtar og folk frå Shetlandsfarten. Ein ser føre seg eit spleiselag.

Dersom ein i det vesentlege bruker bilde på aluminiumsplater av ymse storleik, vil dei vere enkle å henge opp på ein vegg, lette å frakte og dei toler røff handtering.

Kva eventuelle kostnader angår, så kan ein seie at dei er heilt OK, fordi vi har landa på gode prisar både på bildefiler og ferdige plater.

Dersom dette er noko å satse på, så vil ein kunne ha varig utstillingsmateriale frå Shetlandsfarten som ettertida er kjent med, og eg sparkar så ballen vidare.