Velkomen til «pusterom» på Herøy gard

«Å sakne nokon er den finaste triste kjensla som finst» – Maria Parr

Herøy gard  Foto: arkiv

Kultur

Det gjer vondt å sakne. Av og til gjer det så vondt at du lurer på om du held ut.

Du lurer på om du orkar å møte kvardagen igjen. Alle dei fine stundene utan den du er glad i. Alle bursdagar og merkedagar.

Kvardagen der det manglar nokon rundt middagsbordet. Nokon å ringe til. Nokon å kjøpe gåve til!

Allehelgenssøndag er ein spesiell søndag. Ein dag der vi tenkjer ekstra på dei som ikkje er her lenger. Ein dag der vi gir plass og rom for sorga og saknet, men også håpet og gleda. Der vi kjem saman for å minnast våre. Tenner lys og berre er til.

Vi har lyst å invitere deg til tunet på Herøy Gard denne kvelden.

ARRANGØR: Linn Therese Sævik arrangerer allehelgenssøndag på Herøy gard.  Foto: Josefine Spiro (arkiv)

Det blir vakker og fin musikk av Elise Nærø, og nokre ord å ta med seg ut i kvardagen.

Alle opplever vi sorg og sakn forskjellig. Likevel er det noko med dei vonde kjenslene som knyter oss saman.

Vi ynskjer å skape eit pusterom. Ein stad du kan la tankane sveve. Kjenne på saknet ... på sorga ... på gleda! Ute. Under stjernehimmelen.

Du kan kome som du er, og med alt du ber på.

Det er ikkje berre for deg som saknar.

Kanskje kjenner du på sjukdom og maktesløyse, eller du merkar at kvardagen er litt strevsam ... vanskeleg å gripe, vanskeleg å meistre?

Kanskje har det siste året skapt mange kjensler i deg.

Kanskje kjenner du på einsemd og utryggleik?

Du er velkomen til å ta del i pusterommet.

Ta gjerne med deg borna.

La dei få vere med på denne heilt spesielle søndagen. Vere med å tenne lyset.

Borna har mange fine måtar å uttrykke seg på. Kanskje har dei lyst å teikne ei teikning til nokon dei saknar?

Du er velkomen til tunet på Herøy Gard søndag

Linn Therese Sævik