Avduka informasjonsskilt om kvalsundskipa:

- Viktig for Herøy-samfunnet

Onsdag blei eit nytt informasjonsskilt om kvalsundskipa avduka, og 100 årsjubileet for det arkeologiske vikingfunnet vart feira med ringdans signert skuleelevane på Nerlandsøy skule.
Kultur

– Det heile starta då det kom ein kar og spurte meg kva eg visste om Kvalsundskipet. Eg måtte ærleg vedkjenne at eg ikkje kunne så altfor mykje, trass i at eg har budd her i snart 30 år. Då kunne han fortelje meg at det i år var 100 år sidan det arkeologiske funnet var gjort. Med dette i bakhovudet sette vi i gang med arbeidet for å realisere skiltet. Dette måtte vi markere.