Elevar og lærarar ved Nerlandsøy skule med positive temaveke-erfaringar :

- Vi lever litt som vikingar

Denne veka har Nerlandsøy skule hatt ei temaveke om vikingtida og kvalsundskipa som for 100 år sidan vart funne på øya.

Temaveke: Her ser vi nokre elevar ved Nerlandsøy skule i det dei grillar "pinnebrød".   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Som allereie omtalt deltok Nerlandsøy skule på den høgtidlege avdukinga av eit nytt informasjonsskilt om kvalsundskipa som no er kome på plass rett ved gravplassen, nær gartneriet på Kvalsund.


Avduka informasjonsskilt om kvalsundskipa:

- Viktig for Herøy-samfunnet

Onsdag blei eit nytt informasjonsskilt om kvalsundskipa avduka, og 100 årsjubileet for det arkeologiske vikingfunnet vart feira med ringdans signert skuleelevane på Nerlandsøy skule.


Dette er derimot berre litt av det elevane på grendeskulen har fått oppleve den siste veka.

– Spennande

– Vi har temaveke der vi har lært om vikingtida og om vikingskipa som dei fann her på øya. Det er kjempespennande.

Niklas Nerland Elveseter løftar litt på vikinghjelmen som blokkerer blikket hans og festar eit godt grep om tresverdet og skjoldet han har i hendene. 7.-klassingen og elevrådsleiaren har iført seg eit vikingkostyme frå Herøyspelet, og er godt i gang med å fortelje oss korleis den siste skuleveka har vore.

– Her har vi laga oss ein leir, der vi lever litt som vikingar, seier han medan han viser oss rundt på skuleplassen.

Spikking: Her jobbar nokre elevar med å lage eigne tre-knivar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Elevane fekk lage både kniv og rune-smykke.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Ved ei bålpanne sitt ein elevflokk og grillar «pinnebrød». Eit steinkast unna er det sløydundervisning på gang. Ei gruppe spikkar seg vikingknivar og lagar smykke med rune-teikn. Midt på grusplassen konkurrerer gutane mot jentene i eit slag med kubb.

Kubb: Dette var eit spel som skal ha blitt spelt i vikingtida.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Eg synest det er veldig interessant å lære korleis vikingane levde og i det heile tatt overlevde, forklarar ein av elevane, Hedda Berge Hoff.

– Det er også kult å få prøve kleda og lære om rustningane som vikingane hadde, skyt Nerland Elveseter inn.

Dei to elevane – og fleire med dei – er samde i at den temabaserte undervisninga er bra greier.

– Det er kjekt å kome seg ut og sleppe dei tradisjonelle faginndelingane, utdjupar Ella Annea Kopperstad Iversen, då vi spør kvifor.

Før vi får stilt dei spørsmål om kva dei har lært, er dei i gang med å ramse opp alt dei har tileigna seg av kunnskap om kvalsundskipa. Dei har stålkontroll på alt ifrå lengd til arkeologiske teoriar om skipa sin funksjon.

– Det er ganske spesielt og interessant at der var vikingar her på øya, legg Erle Johanne Goksøyr til.

Niklas Nerland Elveseter, Erle Johanne Goksøyr, Hedda Berge Hoff, Ella Annea Kopperstad Iversen og Ena Avramovic synest det er kjekt med temaveke.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Motiverte elevar

Det er elles ikkje berre elvane som meiner temavekeopplegget fungerer bra. Kontaktlærar for 7.-klasse, Lovise Jøsok Nilsen, fortel at elevane trivast godt med undervisningsforma. Den same konklusjonen kjem ifrå rektor, Brynhild Mykkeltveit.

– Heldigvis har vi fått tilbake den tverrfaglege tankegangen i læreplanane. Den temabaserte undervisninga engasjerer meir og har ei tilnærming til røynda. Elevane er meir motiverte, seier rektoren.

Ho forklarar at dei har hatt litt vanleg undervisning, men at det meste av fagundervisninga har blitt knytt til tema – det vere seg matematikk, norsk, naturfag og mat og helse.

– Vi prøver å trekke inn alle fag, etter læreplanen. Dette er kjekt for elevane, dei har jo ikkje vore ned på jorda i dag, seier rektoren med eit breitt smil.

Lærar Lovise Jøsok Nilsen viser elevane korleis dei lagar "pinnebrød".   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Viktig for identiteten

Rektoren påpeiker til slutt eit anna aspekt med den temabaserte undervisninga som ho meiner er verd å løfte fram.

– Ved å velje eit tema som er lokalt forankra er vi med på å løfte deira og lokalsamfunnet sin identitet. Det ligg mykje nyttig lærdom for elevane å forstå grunnlaget som lokalsamfunnet er tufta på, avsluttar Mykkeltveit.

Elevane såg ut til å vere veldig motiverte i timen då vi var på vitjing.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik