Ekstra satsing på film i Møre og Romsdal

Tysdag vedtok Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal at det skal delast ut arbeidsstipend til filmskaparar i 2021 og 2022.

Illustrasjon  Foto: Unsplash

Kultur

Møre og Romsdal fylkeskommune deler til vanleg ut eit kunstnarstipend for å fremme profesjonell kunstnarisk aktivitet i fylket. Arbeidsstipendet til kunstnarar skal gi større økonomisk handlingsrom og ro til å utvikle kunsten sin. No blir eit av stipenda øyremerka film. Stipendet er på 200.000 kr, melder fylkeskommunen.

– Grunnen til at vi no gjer ein innsats for film er for å bidra til å styrke filmfeltet i Møre og Romsdal. Det er eit stort potensial for film i fylket, og stipenda kan bidra til at kunstnarane kjem seg på eit nivå der ein kan ta sjansen på å livnære av å skape film, seier utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter.

Møre og Romsdal fylkeskommune varslar at dei vil samarbeide tett med filmbransjen om ei større satsing for filmskaparar dei to neste åra.