Ute med ny låt – fyrste gong han ikkje er sjølvskriven: – Har utfordra meg

Kvamsøy-artist LIZZ alias Lisabeth Brekke Sylthe smiler breitt etter nok eit vellukka låtslepp, denne gongen med ein låt ho ikkje har skrive sjølv; «Game of Love».

LIZZ: Kvamsøy-artisten starta karrieren med å dele musikk og videoklipp på Facebook i 2014.Nyleg vann ho Musikkprisen 2020 og er aktuell med fleire «nye» singlar. Foto: Marius Beck Dahle 

Kultur

– Eg blei verkeleg utfordra av produsent Eirik Molnes i studio denne gongen. Eg trur eg aldri har sunge så høgt som eg gjer på slutten på denne låten. Molnes har vist meg meir av kva eg er i stand til.