Hyllar krigssiglarar og motstandsfolk frå Herøy med eiga teaterframsyning på konserthuset: – Dei er mine heltar

Laurdag 24. oktober inviterer manusforfattar Knut Arne Høyvik, koret Sirene, forteljar Johan Moltu og to talentfulle, lokale skodespelarar til ei unik teaterframsyning i Fosnavåg.

Representerer mange historier: Framsyninga, skrive av Knut Arne Høyvik, er meint å spegle historia til fleire av dei modige, lokale heltane som reiste over havet under krigen. Høyvik håpar sjølv det er ein verdig hyllest for sine forbilde. F.v. Knut Arne Høyvik, Dagni Myrene, Torgeir Langberg Hauge, Sæmund Helde og Bjørn Holum. 

Kultur

«Over havet for fred» heiter framsyninga, og var opphavleg skrive og framført i samband med årets utgåve av Trebaatfestivalen i Ulsteinvik. Manusforfattar Knut Arne Høyvik, som sjølv også spelar i stykket, fortel at historia er fiksjon. Ho har likevel sitt utspring i reelle historier frå Herøy, og er inspirert av den viktige rolla lokale fiskebåtar spelte i motstandskampen under den andre verdskrigen.