Sigmund Bjerkvik blir pensjonist:

Avskilskonsert på Larsnes

Sigmund Bjerkvik har vore prest i Gursken og Sande sokn i 39 år, og søndag vart det avskjedskonsert på Larsnes med den engasjerte og folkekjære presten.

Velkomen: Kantor Ines Vatne ønskjer velkomen til avskjedskonsert for Sigmund Bjerkvik, og HML Varden opnar konserten.  Foto: Karl Arthur Vasstrand

Kultur

Sigmund Bjerkvik vert pensjonist og har fått seg hus i Ulsteinvik. Mange vil sakne han, og søndag kveld hadde det samla seg eit knippe av kulturaktørane han har samarbeidd med dei siste åra for å vise kor høgt verdsett han er. Mange hadde møtt opp for å høyre på.

Dei fekk eit allsidig program og kvelden starta med ein salme som Bjerkvik sjølv hadde valt. Det var «Som barn i ditt hus» av Tore Aas, akkompagnert av band.

Deretter kom HML Varden under leiing av Helga Kristin Sætre - her kom klassikerane «Fagert er landet», «Ut mot Havet» og svært passande i kveld: «Det som eingong var». Presten fekk ei helsing og ga ros til Varden for at dei alltid stiller opp og alltid er positive.

Varden: Solrunn Slettestøl overrekte ei helsing frå HML Varden.  Foto: Karl Arthur Vasstrand

Etter ein avslutningsmarsj fekk vi nytt innslag med orgel ved kantor Ines Vatne og den framifrå gitaristen Tor Helge Lillebø som spilte sangen «Lær meg å kjenne dine veie». Her var det mange lovord etter konserten!

Fleire konfirmantar har stått skulerett i kyrkjene i soknet, og i kveld måtte presten sjølv svare på spørsmål. Han viste mellom anna stor kunnskap om profetane og hadde også planane klare for pensjonisttida - han har fleire bøker på lur som han no skal starte på.

Lang teneste: Sigmund Bjerkvik har vore prest i Sande i 39 år og takka for tida i Larsnes kyrkje.  Foto: Karl Arthur Vasstrand

Koret «Småtroll» var neste post på programmet. Dei hadde fleire songardenne kvelden, og starta med «Velsignelsen», kjent frå mellom anna Oslo Gospel Choir, og skriven av Tore Aas. Korleiar Marianne Brune Leikanger takka Bjerkvik varmt, og han fekk frå koret bøkene til Trygve Skaug. André Leikanger viste frem songtalentet sitt saman med bandet før presten valde «Blå salme» av Erik Bye som avslutting på arrangementet.

Småtroll:   Foto: Karl Arthur Vasstrand

Heilt slutt var det likevel ikkje – tilhøyrarane reiste seg og song «Må din veg» for preste, ei keltisk velsigning og bøn om at Guds hand må verne og passe folk til dei møtest igjen.

SMÅTROLL: Barnekoret Småtroll var ein sjølvskriven deltakar på konserten, og korleiar Marianne Brune Leikanger takka varmt.  Foto: Karl Arthur Vasstrand