Håpar på ein litt meir normal haust på Fosnavåg kino og konserthus:

– Prega, men høg kvalitet

Fosnavåg konserthus kan no endeleg opne dørene for eigne arrangement igjen. Utsiktene for konserthuset ser etter forholda bra ut, men kino-situasjonen er litt meir bekymringsfull, forklarar dei tilsette på bruket.

Kryssar fingrane for ein bra haust: Om koronasituasjonen ikkje vert verre enn det han allereie er trur desse tre at hausten på både kinoen og konserthuset kan bli innhaldsrik. Fleire store artistar skal etter planen kome, og fingrane er kryssa for at det etter kvart losnar for dei store kinofilmane også. Ein skikkeleg boom på filmfronten hadde vore kjærkome for ein kino som slit med innteninga i ein beintøff filmmarknad. F.v. Torgrim Skjerdal Maria Bakkevoll og Bjørn Holum. 

Kultur

– No begynner vi opp igjen med konsertar, noko vi gler oss over. Sjølvsagt blir hausten prega av ein pandemisituasjon som stadig endrar seg, og vi hadde naturlegvis håpa at situasjonen var endå betre. Like fullt, det vi skal vise er kvalitet.